Det vart ein flott konsert med Kor Nøye i Storfjord kulturhus laurdag. Her med Britt Kleppe som solist.
Rundt 140 unge og eldre kom til konsert med Kor Nøye og gjester i Storfjord kulturhus, til ein flott og minnerik laurdagskveld med kjente og kjære songar på norsk.
Mannskoret Kor Nøye består av tretten godt vaksne songarar. Under leiing av dirigent Kjellaug Oma fekk vi ei ny, minnerik stund i Storfjord kulturhus som gleda.
Denne kvelden var alle songar og tekstar på norsk, noko som ikkje var eit dårleg val, synest vi. Mellom norske songar er der mykje å velje mellom og Kor Nøye hadde funne fram mange av dei som publikum lika og som dei fekk stor applaus for.
Koret opna med «Kjekke staute kara», ein song frå eige repertoar og som høvde godt på dei tretten på scena, karar som kom frå store deler av landet, men flest frå Stranda.
Deretter kom «Hjertemedisin» og «Har du fyr», før vi fekk DDE sin «Vinsjan på kaia» i eit arrangemang av Mass Peter Jelle.
Gjesteartistar under konserten var Britt Kleppe og Harald Overvoll. Overvoll trakterte fleire instrument, både keyboard, piano og trekkspel og gav tonefølgje til Britt si flotte songrøyst. Det vart fem songar med dei to, både sjølvskrivne og andre.
Kristin Storstein t.v. og Oddbjørg Stadheim var to av aktørane under konserten som imponerte.
Etter ein pause i konserten på vel eit kvarter kom det heile i gong igjen. Då fekk publikum møte to «songfuglar» frå Hellesylt, nemleg Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim.
Også dei imponerte storleg. Til musikk frå Harald Overvoll og to frå Sykkylven, Sveinung Utgård og Sondre Utgård fekk publikum fyrst høyre Grand Prix-låta «Duett», og deretter «Eg ventar på kjære deg».
Applausen var lang og god, publikum lika det dei fekk høyre for dette var nok eitt av høgdepunkta under konserten.
Konserten vart avslutta med fire låtar og Kor Nøye, fyrst Vassendgutane sin «Granada», deretter Postgirobygget sin «Solskinsdag», så kom ein av koret sine favorittar, «Drømmedame», og til sist Hellbillies sin «Det finaste eg veit».
Det vart ein flott kveld i Storfjord kulturhus med gjesteartistar og dirigent Kjellaug Oma sitt mannskor. Det vart ei triveleg kveldsstund, så slike kveldar vil vi gjerne oppleve fleire av.