Leiinga for Kulturbedehuset på Hellesylt ønskjer seg fleire medlemer og støtte for å ta vare på det gamle forsamlingshuset.
Mykje arbeid er gjennomført, men ein del står att før bygget er i god stand. Difor ønskjer styret for kulturbedehuset på Hellesylt fleire medlemer og hjelp i det viktige bevaringsarbeidet.
Kulturbedehuset rommar utstilling av fleire lokale kunstnarar og deira arbeid, og blir ved høve nytta som lokale for konsertar, foredrag og andre tilstelningar.
Takka vere dugnadsinnsats og støtte frå arrangement og ulike organisasjonar er det gjennomført nødvendig vedlikehald -og rehabilitering av bedehuset på Hellesylt.
-Arbeidet er utført i samarbeid med friviljuge og fagfolk for å sikre god kvalitet på det som er gjort.
Viktige handverkstradisjonar er vidareført, men for å fullføre det heile treng vi både fleire medlemer og meir støtte-, skriv leiinga, eldsjeler for bevaring og istandsetjing av kulturbedehuset på Hellesylt.
For å bli medlem i Kulturbedehuset;
Enkeltmedlem kr. 100.-
Familiemedlem kr. 200.-
Bedrifter kr. 500.-
Betal til kontonr. 3910 69 30752
eller Vipps, 619511
