20. juli 2026

Opna i nye lokale

Det vart delt ut blomster til fleire som hadde gjort ein innsats for å få dei nye lokala ferdige til opninga. Ragnhild Stadheim t.h.

Laurdag 18. april var det opning av Stranda Frivilligsentral til nye lokale. Dei ligg i fyrste høgda i bygget over gata ved ferjekaia.

Det vart folksamt i lokala til Stranda Frivilligsentral laurdag 18. april. Då ordførar Einar Arve Nordang opna samlinga var rundt 140 personar komne til lokalet. Ekstra bord og stolar måtte leitast fram for at alle skulle få plass.

Og det var ordføraren som var fyrst ute med helsing og gratulasjon til dei nye brukarane av lokala. Han rosa arbeidet til Frivilligsentralen, og han hadde gode ord å dele for arbeidet som var lagt ned i dei «nye» lokala. Mang ein gong hadde han blitt imponert over det som blir sett i gong, og han håpa at takhøgda framleis var god og at det var plass for meir godt arbeid i tide frametter.

Leiar for Frivilligsentralen, Ragnhild Stadheim ønska alle vel møtt og ho var stolt over frammøtet, at nær 140 personar kom. Det var kjekt, sa ho før ho fortalde om prosessen fram til dei nye lokala, eit lokale som no låg nærmare sentrum.
Ho takka mange for hjelpa, ho nemnde huseigar Kjetil Nordang, Stranda kommune og ikkje minst alle som hadde vore med og stelt til lokala og hjelpt med flyttinga.

Dei nye lokala er gode og romslege, og dei er blitt fargerike.
-Eg er glad og veldig stolt av å få vere med og skape dette som er min eigen arbeidsplass, og eg gler meg masse til å få jobbe her, sa Ragnhild Stadheim.

Også Aina Holmberg var imponert over kor flotte og tenlege lokala i bygget hadde blitt. Og ho rosa leiaren for det som var gjort og kor bra alt var.
-Dette er bra, og du er eit unikum Ragnhild. Dei som ikkje er kjent med deg må ta seg ein tur innom Frivilligsentralen på Stranda, sa Holmberg mellom anna.

Mykje flott musikk frå desse tre, Karsten Helstad t.v. Katrine Langlo og Stephanie Roux.

Det vart ei flott og minnerik opning av dei nye lokala til Stranda Frivilligsentral. I tillegg til mange gode ord var der også musikalske innslag, fyrst frå Agneta Darcute som sang Abba-låten Honey honey, og så Aksel Helstad, gitar, Stephanie Roux, piano og Katrine Langlo som framførte to songar.

Opning av «nye» Frivilligsentralen vart avslutta med kaffi og ei stor marsipankake og meir.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →