Hellesyltdagane er i tida 3.- 5. juli 2026, og arrangøren ønskjer publikum og deltakarar med stands velkomne. Her er nokre reglar frå arrangøren.
1. Arrangør forbeheld seg retten til å godkjenne deltakarar/stands, her under òg rett til å avgrense stands og sortere med omsyn til heilskapen.
2. Plass blir tilvist av arrangør ved framkomst.
3. Arrangør tek ikkje ansvar for utstillingsvarer eller anna utstyr, heller ikkje om det oppstår skadar på publikum, utstillingsvarer eller utstilla
4. Utstillar må sjølv syte for reinhald og rydding av stand under opprigging, under og etter Hellesyltdagane. Søppelkonteinar til bruk står utanfor samfunnshuset i retning mot Ole Ringdal AS. Det vert ikkje akseptert å nytte søppeltønnene som står rundt om på messeområdet sidan dei er mynta på besøkande, og ikkje dei som besøker stands. Dei som forlèt området etter dagane utan opprydding blir i ettertid fakturert kr 5 000,- for mangelfull opprydding.
5. Oppsett av stand kan utførast torsdag mellom kl. 09:00 og 20.00, eller fredag mellom kl. 14.00 og 20.00. Ev. seinare oppsett fredag kveld eller laurdag må skje etter avtale. Deltakar må sjølv sørge for transport, montering, ev. skøyteleidningar, demontering, pakking av eigne varer og sitt dekorasjonsmateriell. Samfunnhuset er ope frå kl. 10:00 på laurdag og frå kl. 11:30 på sundag.
6. Nedtaking av stand kan gjerast sundag mellom kl. 17:00 og 21:00. Demontering skal ikkje skje før sundag kl. 17:00 dersom det ikkje er gjort avtale med underteikna om noko anna.
7. Berre deltakar som er påmelde, og har betalt påmeldingsavgift innanfor fristen kan delta. Din plass er berre garantert etter stadfesting frå arrangør og innbetalt påmelding ved forfall. Betalingsvilkår er 7 dagar netto frå faktureringsdato. Etter forfall kan arrangør gi pålegg om purregebyr.
8. Dersom påmeldingsavgift ikkje er betalt i tide, står arrangør fritt til å omdisponere plassen til nokon andre
9. Deltakar på Hellesyltdagane har ikkje krav på tilbakebetaling av påmeldingsavgift, dersom ein finn på å ikkje ville delta på arrangementet etter bekrefta gyldig påmelding.
10. Deltakar på Hellesyltdagane pliktar å respektere og halde seg til reglane som er sette.
11. Varespekter ein melder på skal overhaldast, om ikkje kan deltakar risikere å ikkje få delta på arrangementet med tilleggsvarer.
12. Arrangør har rett til å ta den endelege avgjersla når det gjeld fordeling av stands på området.
13. Deltakar/stand må rette seg etter eventuelle pålegg frå branntilsyn, offentlege etatar eller arrangør
Hellesylt, 1. mars, 2026,
Inge Bjørdal
M : 991 00 253 ev. 464 11 023
E-post : stands@hellesyltdagane.no.
