Sunnylven pensjonistlag håper på godt frammøte når dei inviterer til laurdagskafe på kyrkjelydshuset.
På laurdag 18. april blir det kaffi og mykje å bite i når Sunnylven pensjonistlag inviterer til kafe på Sunnylven kyrkjelydshus.
Det blir mykje godt å smake og meir å vinne når Sunnylven pensjonistlag inviterer til kafe på Sunnylven kyrkjelydshus komande laurdag. Der diskar laget opp med sal av vaflar, sveler, kaffi og saft til alle som kjem innom, både unge og eldre.
Det blir også sal av snurrelodd og masse gevinstar å vinne, store og små lovar leiar i laget Astrid Langeland. Ho håper mange kjem innom laurdagskafeen i tida den er open, frå kl. 12.00 til 16.00.
Dette er ikkje eit arrangement berre for medlemer, det er for alle unge og eldre av begge kjønn som ønskjer ei triveleg og spanande stund, og gjerne vil slå av ein laurdagsprat med andre.
Vel møtt på kyrkjelydshuset laurdag 18. april, seier ho!