21. april 2026

Song, musikk og tekstlesing i kyrkja

Øyvind Robak og Gunnar Inge Eide

Langfredag var det påskegudsteneste i Sunnylven kyrkje. Mange kom og fekk vere med på ei gripande forteljing.

Det vart skriftlesing, song og musikk i Sunnylven kyrkje på langfredag. Der samla mange frammøtte seg til forteljinga slik den er skriven ned om Jesus og apostlane på denne dagen. Frå koret i kyrkja vart det heile lese og fortalt av Inghild Storstein, Eirin Syversen og May Britt Lyngroth.
Vidare var det song av Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim, og vakre musikalske tonar av organist Gunnar Inge Eide og fiolinist Øyvind Robak.

Den timelange påskegudstenesta vart leia av liturg Ann Kristin Langeland, og som også inviterer til høgtidsgudsteneste søndag fyrste påskedag klokka 11.00 i Sunnylven kyrkje.
– Her er det rom for alle. Her kan du kome som du er. Og kanskje får du med deg noko godt å bere vidare inn i dei siste påskedagane, skriv soknepresten.


Inghild Storstein

Eirin Syversen

May Britt Lyngroth

Ann-Kristin Langeland

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →