18. mai 2026

Steinmolo i Matvika blir reparert

I Matvika grønkast det på vollen, frukttrea blomstrar og snart er kaimoloen ferdig.

Saman med leiar i Storfjordens Venner, Inge Bjørdal og NRK Møre & Romsdal tok hellesylt.info turen til Matvika måndag. Eigar Nils Roger Matvik sytte for transport med båten sin frå småbåthamna på Hellesylt.

I Matvika blir steinmoloen reparert. Vind og store bølger har øydelagt og rive deler av moloen, men no har fleire mann jobba med å få den reparert.

Her blir ein stor stein frakta og snart på plass i bryggemoloen.

Vi møtte fire kyndige og drivande karar frå Storfjordens Venner som utførte jobben saman med eigar Nils Roger Matvik. Her vart store og små gråstein frakta fram til moloen etter ei bane av treflakar, trekt med tau og motorkraft. Deretter blei tyngste steinane heisa opp av talje og på ei skinne ført fram til endeleg liggeplass. Det tok si tid, men korleis kan det elles gjerast betre og enklare? Matvika er som kjent veglaus.

Arbeidet blei filma av NRK og kjem truleg på TV snart. Til høgre Nils Roger Matvik.

Dei fire, Torgeir Erdal, Per Bratthaug, Ingvald Knivsflå og Asgeir Kvernberg har jobba i snart ei veke på kaipiren med lange dagar frå klokka 08.00 til 21.00, fekk vi oss fortalt. Arbeidsdagen har lengta seg no framover våren.
No var snart dei siste steinane på plass og steinmoloen  var som den skulle vere igjen.

Med på turen til Matvika var også NRK-journalist Øyvind Sebjørnsen. Han gjorde mange opptak både med lyd og bilder som vil bli sendt lokalt i NRK Møre & Romsdal.

Då var det lunsjpause på tunet i Matvika.

Det var ein fin dag ytterst i Geirangerfjorden. I lunsjpausen vart alle invitert opp i våningshuset av eit gjestfritt vertskap der det vart servert kaffi og mat. To damer, Marit Vatnedal og Vigdis Øvrebust hadde førebudd eit matbord med brød, sveler og fleire sortar pålegg. Det var berre å forsyne seg og sesse seg på tunet for å nyte go`sakene.

Vi fekk også sjå innom låven som er restaurert til eit flott selskapslokale. Her har mellom anna hotel Union i Geiranger leigd og nytta seg av lokalet ved eit høve, fekk vi oss fortalt. På låven får sikkert fleire leige seg lokale om nokon vil. Og no er steinmoloen i hamna reparert så då kan alle legge til i Matvika igjen.
Dit var det i alle høve ein fin tur i april, i fint ver og til hyggelege eigarar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →