Fire gutar og seks jenter utgjer G 14 -laget til Sunnylven, med Eivind Louis Helset trenar, t.v. og Linn Kammen oppmann.
Sunnylven G14 spela ein god andre omgang mot Larsnes på Hellesylt stadion tysdag 28. april.
Fleire store sjansar med skot i både stolpe og tverrstong kunne gjeve mål til Sunnylven i andre omgang, men den enda 0-0.
Det var ein god omgang av heimelaget, men fyrste omgang var ikkje like bra. Gjestane frå ytre skora tidleg i fyrste og heldt fram med å trille inn fleire mål.
Sunnylven reduserte like før pause på eit frispark av Fredrik, så resultatet ved halvspela var 4-1 til Larsnes.
Det vart også sluttresultatet då domar Odd Even Svindset VRF bles for full tid etter mållaus andre halvdel.
Sunnylven leverte ein god andre omgang, laget som har fleire jenter enn gutar i spelestallen. Men jentene hevda seg godt mot Larsnes som hadde med tre, fire spelarar som også er med på klubben sitt seniorlag i fotball.
Sunnylven G14 får nok snart både siger og poeng, det har vi trua på etter innsatsen og spelet i kampen tysdag kveld. Laget opna i alle fall sesongen betre enn i fjor då fyrste kamp enda 15 – 0!!!
Tabell 7-er vår:
Hasundgot 2 2. kamp 6 p.
Larsnes 2. kamp 4 p.
Rollon / Guard 2 2. kamp 3 p.
N.E.G. 1. kamp 1 p.
Sunnylven 1. kamp 0 p.
Valldal 1. kamp 0 p.