21. april 2026

Team Pølsa-deltakar Syver kjem til Sunnylven.

«Tv-kjendis» frå Team Pølsa, Syver Blindheim t. h. og far Øyvind kjem til Hellesylt og Sunnylven samfunnshus torsdag 9. april.

Sunnylven sanitetslag er arrangør av eit møte om barnedemens på Sunnylven samfunnshus. Dit kjem Syver Blindheim, deltakar i Tv-programmet Team Pølsa i fjor, og faren Øyvind.

-Vi har vore heldig å fått booka dei til eit foredrag om livsmestring, ulikheit og meir til møte på Sunnylven samfunnshus for ein open temakveld torsdag 9.april kl.18.00. for alle interesserte!
Vi håper mange er interessert og møter fram, dette er noko vi tenkjer kan engasjere og vere av interesse for mange i bygda vår.
Og vi utfordrar også andre lag til å vere med på «Team Sunnylven» som skal arrangere dette -, skriv sanitetslaget, som fortel vidare om møtet;

Dette er allereie avklart:
Det blir gratis inngang, men ein oppmodar om å gi noko på vipps (bruke Saniteten sin vippskonto).
Inntekt som er over utgifter til arrangementet går til demensforskning.
Ole Ringdal as sponsar med pølser og brød
Det vert servert kaffi og twist
Kulturskulen er kontakta (Anita Langeland) og ein er i forhandling om dei kan stille på med litt musikkinnslag, noko som ser lovande ut.
Ein har teke kontakt med Sunnylven skule, og der ønsker dei at temakvelden kan vere obligatorisk for nokre steg og kanskje oppmode om frivilleg oppmøte saman med foreldre for andre steg. Dette avklarar skulen sjølve.

Syver Blindheim var 7 år då han fekk påvist barnedemens. No er han 14 år, og i fjor var han med i Team Pølsa og vart ein kjenning for mange etter Tv-programet på NRK. Programmet vart avslutta med målgang i Granåsen under VM på ski i Trondheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →