18. mai 2026

Team Sunnylven har levert nok ein gong!

Frå Tema-kveld med Syver t.h., far Øyvind Blindheim og programleiar Ruth Hole Aaland.

-Vi er så stolt og takknemleg over det vi får til i fellesskap!
Det skriv Sunnylven sanitetslag som var arrangør av tema-kvelden med 14 år gamle Syver på Sunnylven samfunnshus.

Og sanitetslaget skriv vidare;
-Det vart ein flott temakveld med Syver Blindheim med latter, tårer, inspirasjon og ettertanke. Mange gode både sjølvskrevne dikt og ord frå Øyvind, far til Syver, der han sette ord på følelsar, og kva dei har valgt å gi oppmerksamheit til i sin familie, som er påverka av Syver si alvorlege barnedemens diagnose.

Ein slik kveld klarer ikkje ein å arrangere utan hjelp frå gode støttespelarar, og derfor vil vi i Sunnylven sanitetslag med dette rette ei STOR TAKK til kvar enkelt som har bidrege enten det er i form av praktisk hjelp, mat og drikke, pengar, inkludering, oppmøte eller anna. Vi har kun fått positive svar når vi har spurt, og dette gjer godt og ein kjenner at vi har kvarandre tilgjengeleg.

Det er vanskeleg å drage fram nokon spesielt, men likevel vil vi takke ekstra ungdommane for den flotte måten dei var saman med Syver på. Dette er livsmestring i praksis. Tilbakemelding frå Syver og familien var at dei synes dette var ein unik oppleving og ein fantastisk og minnerik kveld. Dette er takka vere den totale innsatsen og oppmøtet til kvar enkelt.

Denne kvelden kom det inn vel 30.000 kr som blir sendt direkte til «Kampen mot barnedemens». Pengane blir brukt til forskning for å utvikle muleg behandling mot barnedemens. Forskninga foregår ved NTNU v/ Magnar Bjørås og Oslo Universitetssjukehus.

Vi ser ikkje vekk frå at vi vil møte Syver og familien igjen og kanskje fleire frå Team Pølsa når det blir produksjon av ny pølse, vi gler oss!

Vi har fått veldig mange tilbakemeldingar frå både lokalt og tilreisande, alle har vore imponert over denne kvelden og det den gav. Dette er inspirerande for oss og kanskje får vi til fleire slike temakveldar i fellesskap i Team Sunnylven.
Nok ein gong TAKK for at DU bidrog!

Slå hjerte slå!!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →