Roger Severin Bruland og Britt Pernille Frøholm kom med program til kaffibaren på Hellesylt skjærtorsdag. Til venstre «huseigar» Ellen Fivelstad.
Det var folksamt på Hellesylt boutique & bar skjærtorsdag. Dit kom kjentfolk frå fylket i sør med gode historier og godt i glasa.
Det var fullsett på kaffibaren på Hellesylt skjærtorsdag der tidlegare NRK-journalist Roger Severin Bruland og folkemusikar Britt Pernille Frøholm var gjestar.
På vel to timar med dei to til stades fekk publikum seg fortalt frå korespondentlivet til Bruland, frå livet der alle slag nyheiter vart sende heim frå Tyskland og andre stader i Europa.
Og ikkje minst krydra han opplevingane med gode historier som fekk fram latterbrøla mellom publikum. Kaffibaren vart ein triveleg kveld med enkel servering, godt tyske ølet, men også fleire av Brulandselva sine smakar gjekk ned.
Det vart ein triveleg kveld og vi gler oss til den neste, for flott var det å høyre Britt Pernille Frøholm svinge felebogen over strengane på hardingfela si der ho drog opp ein av dei friskaste Kjellstad- slåttane. Slik kan berre ein dyktig «spelemann» levere.
Og eigar av vertshuset, Ellen Fivelstad stod for servering av gòsakene, godt hjelpa av fleire. Smakane kom både på fat og i glas skjærtorsdag. Slike kveldar må vi gjerne få fleire av.
