18. mai 2026

Årsmøte i Hellesylt Næringslag

Aida-sol på Hellesylt. (Arkivfoto)

Heile styret fekk fornya tillit då Hellesylt Næringslag heldt utvida årsmøte i Sunnylven samfunnshus torsdag 29. april. Her vart også planar for ny ferjekai på Hellesylt drøfta.

Styret det siste året i Hellesylt Næringslag har vore samansett slik;
Stig Tryggestad, Helge Karbø, Ramazan Øcal, Ole Arnstein Ringdal og Bente Bonsaksen.
Alle tok gjenval då laget heldt årsmøte i Sunnylven samfunnshus torsdag 29. april.
Attval vart det også på varamedlemer til styret som er Ellen Fivelstad og Tarjei Korsbrekke.

Til medlem i komiteen for Hellesytdagane frå næringslaget valde årsmøtet Stig Tryggestad. Dei andre i denne komiteen er ;
Ragnhild Stadheim, leiar
Knut Dag Langeland og Hege Høgalmen Ringdal.

Det var ei lang og fyldig årsmelding Hellesylt Næringslag la fram på årsmøtet. Næringslaget er involvert i mykje av det som skjer kring turisttrafikk på Hellesylt, både innan cruise og for andre reisande.
Fyrste del av årsmeldinga handla mykje om cruisetrafikken i Hellesylt som er betydeleg gjennom sommarhalvåret, men også reiseliv gjennom den populære Norangsdalen hadde laget engasjert seg i og omtala i årsmeldinga.

-Ein ser ei positiv utvikling i at fleire cruiseskip legg til kai på Hellesylt. Utfordringar om morgonen med mange bussar som hindrar lokaltrafikken må vi prøve å unngå slik at alle får ein positiv innstilling til turisme, heiter det mellom anna i årsmeldinga.

Årsmeldinga omhandla også om mykje utanom cruisetrafikken, som ny turist -og beredskapskai, tilstelling og utplanting i Hellesylt sentrum, turisttrafikk og regulering av denne i sentrum, tiltak for på sikre gangvegen frå skulen til Hellesylt stadion, tiltak for betre toalettfasilitetar på Hellesylt, og nytt hotell.

-Hellesylt må førebu seg på auka aktivitet innan turisme og vi treng då både betre infrastruktur og nye boligar både for sesongarbeidarar og fastbuande. Dette er viktig for turismen og fornæringslivet elles, skriv næringslaget i årsmeldinga.
I tillegg ser laget positivt på at det blir bygd fleire leiligheiter i sentrum, og at det blir lagt til rette nye tomtar for nye hus og meir busetnad i bygda.

Rekneskapen for Hellesylt næringslag viste 95.000.- i driftsinntekter og 152.000.- i utgifter i 2025. Største utgiftsposten dette året var fullføring av Lyssetting Hellesyltfossen med vel 87.000.- kroner.
Laget har 133.180.- som bankinnskot og kontanter.
Hellesylt Næringslag har for tida 33 betalande medlemsbedrifter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →