9. juni 2026

Blir finsk langrennstrenar

Etter fem år i Team Aker Dæhlie blir Hans Kristian Stadheim finsk langrennstrenar. -Eit spanande valg, seier 40-åringen med bustad Oslo, men med slektsrøter frå Sunnylven på Sunnmøre.

Sjokksignering, kallar www.langrenn. com nyheita om at Hans Kristian Stadheim blir finsk trenar i langrenn for damer og herrer. Han hadde fleire tilbod etter at han slutta i Team Aker Dæhlie 1. april, men valde altså nabolandet i øst.
Han deler jobben saman med finske Mattias Strandvall og landslagssjef Joakim Abrahamsson frå Sverige.

Stadheim har jobba med fleire langrennslandslag dei siste 15 åra, mellom anna det britiske landslaget med toppløpar Andrew Musgrave. Dei siste fem åra har han hatt jobb i Team Aker Dæhlie med løprar frå fleire nasjonar, men no skiftar han altså både land og løparar.
Til Sunnmørsposten uttalar han at han er veldig spent på rolla som det finske skiforbundet han gjeve han med jobben i den sterke finske skikulturen. Den rolla er både utfordrande og motiverande, seier han, og han ser fram til å bruke sine erfaringar frå mange år innan sporten til å utvikle både løparar og laget enno meir.

Tidlegare har Hans Kristian Stadheim vore god langrennsløpar sjølv med KM-tittlar i Møre og Romsdal skikrets, og med rundt ti Birkebeinerrenn så langt. For rundt 15 år sidan kom han med i Oslo-klubben Lyn ski der han var med og trena fram fleire gode løparar, mellom anna OL og VM-medaljører Simen Hægstad Krûger og Hans Christer Holund. No blir det finsk snø og elite jobben skal dreie seg om for 40-åringen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →