Ausekarane kjem til å lage stemning i festivalteltet laurdag kveld.
Hellesyltdagane 3.–5. juli byr på skikkeleg feststemning i teltet på parkeringa ved Hægstad gård.
No er billettsalet til festivalteltet i gang.
Fredag kveld set DJ Mounir tonen for helga. Mounir opphavleg frå Hellesylt, no buset i Volda, kjem tilbake til Hellesyltdagane etter suksessen i fjor.
Laurdag kveld spelar heile to band opp til dans. Bandet Harlekin frå Stjørdal og Ausekarane frå Strilelandet skapar feststemning for alle besøkande.
Denne kvelden blir det allsang, energi og fullt liv.
Sikre deg billett allereie no til ein god pris – billettprisane stig 1. juni.
Også desse spelar under Hellesyltdagane.
DJ Mounir
Lenke til billettsal er her: Early bird billettar til festivalteltet Hellesyltdagane 2026