18. mai 2026

Diskuterte flytting av ferjekai på Hellesylt

I 2025 var ein borerigg på plass og undersøkte sjøbotnen der ny ferjekai skal kome.

På årsmøtet i Hellesylt Næringslag møtte 15 personar, dei fleste menn. Utanom årsmøtesaker var det orienteringar frå Stranda Hamnevesen, Stranda kommune og frå arbeidsgruppa for ny ferjekai på Hellesylt.

Leiar i Stranda hamnevesen, Rita Berstad Maraak var innom fleire saker frå etaten ho jobbar for. Mykje av arbeidet er på plass før sesongen, og meir blir ordna etter kvart , sa ho.
Hamnevesenet har fleire saker som har fått si løysing, mellom anna har dei kjøpt Hellsylt ferjekai. I Geiranger leiger dei ferjekaia, og selskapet er inne med 50 prosent i planane for cruisekai på Stranda.

Det som skapte størst debatt på møtet var dei framlagde planane for ny ferjekai på Hellesylt. Her orienterte Inge Hole som er med i arbeidsgruppa om både gamle og nye alternativ til utbygging med flytting av kaia til området mellom Hydro og Ole Ringdal AS.

Her vil det bli bygd ein lang molo ut i sjøen på skrå frå land med nytt ferjeleie syd for moloen. I følge forslaget vil oppstillingsplass for rundt 50 bilar kome i området mellom Hellesylt cruisekai og Ole Ringdal på det eine alternativet.
Det lika leiinga ved hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt dårleg og ville i staden ha meir utfylling i sjøen ved Hydro og oppstilling for bilar der.

Diskusjonen på møtet gjekk att og fram omkring forslaget til ny ferjekai, ei utbygging alle var samde om at turiststaden hadde bruk for.
Forslaget blir lagt ut på høyring i løpet av sommaren, og seinare kjem det opp til drøfting i Stranda kommunestyre.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →