Det vart planta ut 14 flotte blomsterkrukker av denne gjengen, frå v. Eli, Lars, Rune, Bjarne, Odd Jostein, Anne Lise, Mia, Astrid og Håkon.
Sunnylven pensjonistlag er aktiv, ikkje berre med møter og opplevingsturar. No har laget rydda og stelt til vegskråning og planta ut sommarblomster.
Sunnylven pensjonistlag har pynta i Hellesylt sentrum. Også i år har laget planta blomster i 14 store krukker som er plassert ut kring om i «bygdebyen».
-Vi ønskjer at det skal sjå fint ut, både for fastbuande og for alle turistar som vitjar bygda vår. Og blomster er eit tiltak som skaper både trivsel og glede-, seier leiar i Pensjonistlaget Astrid Langeland.
Ein del av dugnadsgjengen framfor den ferdige vegskråninga, frå venstre Håkon, Bjarne, Rune, Lars og Odd Jostein.
Laget har også vore aktiv på andre måtar i det siste, og eit godt synleg område i Hellesylt sentrum har blitt rydde og stelt til. Vegskråninga i området mellom Kulturbedehuset og gata forbi Coop såg ikkje bra ut, noko laget ville gjere noko med. Dei leigde inn ei gravemaskin og saman med fleire medlemer vart heile skråninga rydda for rusk og rask og stelt til for såing. No er det sådd blomsterengfrø i heile skråninga og rulla over.
Kostnaden med dei to nemde prosjekta er i heilheit dekka av Pensjonistlaget, ein sum på meir enn 20.000.- kroner, trur leiaren.
Astrid Langeland er glad for å ha medlemer i laget som stiller på når slike arbeid skal utførast. Det er alltid bruk for ei hjelpande hand når laget ønskjer å rydde og gjere det triveleg for alle, seier ho.
Mia Sjåstad t.v. og Eli Westpal hadde fått på seg arbeidshanskar og tok del i plantinga av dei 14 blomsterkrukkene.