9. juni 2026

Fint ver og feiring av nasjonaldagen

Veret var svært så bra då 17. mai vart feira i Sunnylven. På Hellesylt møtte mange fram frå tidleg morgon til programmet var slutt ut på ettermiddagen.

17. mai starta ved kyrkja i Sunnylven der det fyrst var markering med nedlegging av blomar ved grava over falne frå bygda i siste krig. Elevar frå Sunnylven skule stod for den høgtidlege minnestunda saman med leiar i 17.-maikomiteen Tarjei Korsbrekke.

Gudstenesta opna med musikk av Sunnylven skulekorps. Kyrkjelyden song med i nasjonale songar i ei vakker opning av samlinga i kyrkja. Og liturg Ann Kristin Langeland bar fram dei gode og rette orda på dagen. 17. mai er høgtidsam og stemningsfull der landet vårt har forma seg og blitt bore fram i vanskelege tider av folk som har bygd stein på stein. Dette i motsetning til andre land der krig og uro herjar, sa Langeland.
-Fridom er ikkje noko vi berre har fått, men det er også ei gåve som vi må bere vidare til andre, sa ho.

Her dansar leikarringen i HUL ved omsorgssenteret.

Feiringa av nasjonaldagen på Hellesylt heldt fram med folketog frå kyrkja, gjennom gata til omsorgssenteret og tilbake til Sunnylven samfunnshus.
Ved inngangen til omsorgssenteret var mange av pensjonærane samla for å høyre korpset spele, mellom anna «Ja vi elsker «.
Så gjekk turen vidare tilbake til sentrum og samfunnshuset der feiringa heldt fram med leikar for born og vaksne, og servering av kaffi og kaker.

10.klasse ved Sunnylven skule heldt Talen for dagen.

Dagen vart avslutta med flott program i Sunnylven samfunnshus leiar av Tarjei Korsbrekke. Her spela Sunnylven skulekorps, det var innslag av unge musikantar på piano, 10. -klassingar ved Sunnylven skule heldt talen for dagen, og unge elevar frå skulen viste leikdans, slik dei også gjorde ved omsorgssenteret tidlegare på dag.

Under folkeprogrammet på samfunnshuset fekk dei frammøtte også høyre felegruppa spele, og det timelange programmet vart avslutta med ny flott musikk av Sunnylven skulekorps, og etter at vinnarar i konkurransar utandørs hadde blitt premierte av festleiaren.

Feiringa av nasjonaldagen i Sunnylven vart gjennomført i tradisjonelle former i godt ver. Eit kjært og godt minne for alle også denne gongen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →