På søndag 24. mai blir det gudsteneste på badestranda på Hellesylt om veret tillet det.
Dette skriv Ann Kristin Langeland.
-Fyrste pinsedag, søndag 24. mai kl 11.00 er det gudsteneste på badestranda på Hellesylt. Vi håpar å kunne samlast i godt ver og godt fellesskap. Det blir dåp, lurblåsing, song og musikk.
Medverkande er Gunnar Inge Eide, Kristin Storstein, Wenche Høgalmen Ringdal og Ann Kristin Langeland.
Ta med noko å sitje på og ta turen til den vakre katedralen ved Sunnylvsfjorden.
Skulle det ikkje bli «godt og tenleg ver» så flyttar vi gudstenesta til kyrkja, men programmet vert det same.
Vel møtt til gudsteneste 1. pinsedag kl. 11.00.
-Siste: Dårleg ver gjorde at gudstenesta 1. pinsedag vart flytta til Sunnylven kyrkje!