Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal med årets medaljefangst frå NM kjøttprodukter.
Hjørnesteinsbedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt henta heim seks medaljer frå årets NM i kjøttprodukt, tre gull og tre sølv. Måndag 11 mai vart medaljedrysset feira med stor NM-kake.
Kjøttvarebedrifta Ole Ringdal AS har levert det beste av kjøttvarer nok ein gong. Måndag 11. mai kunne dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal vise fram premiefangsten, seks blanke medaljer og invitere tilsette på kakefest i lunchpausen.
På den lange veggen i kantina blir det no gjort plass til nye diplom frå nok eit NM, ein vegg som snart må utvidast då den frå før er fullpakka av heidersdiplom.
Nok ein gong kom dagleg leiar heim med blanke medaljer frå NM, både av gull og sølv og etter konkurranse med fleire bedrifter innan kjøttbransjen.
Ringdal deler det gode resultatet med fleire, bedrifta som hentar mesteparten av råstoffet sitt frå bønder i nærområdet. Han gjev bøndene mykje skryt for råstoffet, og han er glad for at dei ser verdien av å levere dyra med kort inntransport til eit lokalt slakteri.
Og ikkje minst takkar dagleg leiar alle sine tilsette som han meinar er verdens beste innan faget. Dei står på kvar dag og leverer produkt i toppklasse, seier Ole Arnstein Ringdal.
Ole Ringdal AS vart heidra for desse produkta;
Gullmedalje:
Røykt svinemør
Ringdal mør oppskjert
Ringdal mør urøykt i kveil.
Sølvmedalje:
Grillmør
Alpepølse snabb
Chorio oppskjert
På nettsida til bedrifta ligg mange fine gratulasjonar frå kundar og andre som likar produkta frå Ole Ringdal AS. Også www.hellesylt.info gratulerer!