Ole Bjørn Hjellegjerde har gjeve ut boka «Tider skal komme», ein roman om røter, arv og lengslar.
Boka «Tider skal komme» handlar om mellom anna fleire gode vinterutøvarar frå distriktet og Norge, mellom anna Ola Ulland som var den fyrste personen som hoppa over 100 meter på ski. Men han gjekk over ende i landinga så dermed vart ikkje rekordhoppet godkjent, kan ein lese i boka.
Frå boka har hellesylt.info fått tilsendt utdrag, mellom anna ei historie om to skihopparar som kom til Sunnylven i 1940 for å delta i renn i Tryggestadbakken.
Dei to, Ingvald og Mindor skulle vere med i eit distriktsrenn og kom til Hellesylt med dampskipet Nordalsfjord.
Dei overnatta på Frøysa hos ein kompis, Norvald Frøysa som dei kjende frå arbeidsplassen hans i Sykkylven. Der fekk dei husrom til neste dag då hopprennet skulle foregå.
Begge gjorde det bra i Tryggestadbakken, Ingvald strekte seg til heile 47 meter, men måtte over ende i landinga. Mindor hadde to fine hopp på over 40 meter.
Vinnar vart ein med stor «K» på brystet, nemleg Arne Ulland frå Kongsberg. I sitt beste hopp landa han på heile 57 meter.
Ole Bjørn Hjellegjerde (f.1976) har skrive boka «Tider skal komme». Hjellegjerde er utdanne svilmarkedsførar, høgskolekandidat i økonomi og administrasjon, og frå Universitetet i Sør-Norge.