9. juni 2026

Vann med mange mål

Sunnylven G14 med spelarar og leiarar, her frå ein kamp tidlegare i år.

Dert vart mange mål i kampen mellom G14-laga Sunnylven og Valldal på Hellesylt stadion. Der fekk heimelaget sin fyrste siger denne sesongen.

Sunnylven stod med eitt poeng medan Valldal hadde ingen frå tidlegare kampar då laga møttest på Hellesylt stadion tysdag kveld. Denne gongen vart alle igjen hos heimelaget etter ein solid fyrste omgang.
Då domar Odd Even Svindseth bles for full tid var poengfangsten blitt til fire for heimelaget.

Stillinga til pause var 11-1.

Vi registrerte tre mål til Tora, to til Kai-Adam, to til Fredrik, to til Jakob, eitt til Tuva Marie og eitt til Emma.

Valldal scora tre mål i starten av andre omgang, men Sunnylven kom tilbake og donka inn mål ved Fredrik og to av Jakob.

Dermed enda kampen 14 – 4 på Hellesylt stadion i 12.0 varmegrader og fint spelever.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →