Fjellmaraton-løparar frå Sunnylven IL gjorde det godt under løpet i Ørsta laurdag 6. juni.
(Foto: Tilsendt)
Sunnylven IL markerte seg godt under årets Ørsta Fjellmaraton.
Sunnylven IL deltok med fleire løparar i årets Fjellmaraton i Ørsta laurdag 6. juni. Vi har fått tilsendt dette frå Tarjei Korsbrekke.
-Hege Ringdal vann kvinneklassa på halvmaraton, ei krevjande løype med om lag 1300 høgdemeter. Linn Kammen Flydal sikra ein flott 2. plass i same klasse.
Trym Helset leverte også eit sterkt løp, sjølv om han fekk med seg ein ekstra runde og rundt 100 høgdemeter ekstra undervegs.
Emma Korsbrekke og Lisbeth Lervik gjennomførte den kortaste distansen på 7,2 km, også dei på ein flott måte.
Sterke resultat og god innsats frå heile laget – gratulerer, -skriv Tarjei Korsbrekke.