Hellesyltdagane har si eiga messeavis med artiklar om dei ulike aktivitetane og arrangementa som skjer i løpet av helga. Her kan du lese om alt som skjer i fyrste helga i juli.
I messeavisa for Hellesyltdagane får du all informasjon om dagane, frå underhaldning på utescena og aktivitetar for born og familiar.Du kan bli litt betre kjent med dei ulike artistane som skal opptre både i Sunnylven kyrkje og i festivalteltet på Hægstad Gård.
Sjølvsagt finn du også informasjon om dei tradisjonelle arrangementa som Hellesyltløpet og Andesleppet og mykje, mykje meir.
På baksida av avisa er eit fullstendig program for heile helga. Vi tek atterhald om moglege trykkfeil. For å kunne lage ei så fyldig og god avis er vi avhengig av gode støttespelarar, og vi er glade over alle annonsørane som har bidratt også i år.
Hellesyltdagavisa for 2026 kjem ut i postkassene i nærområdet i veke 25/26. Vi har sjølvsagt også laga ein digital versjon som er tilgjengeleg for deg som ikkje bur i nærleiken eller av ein eller annan grunn ikkje har fått avisa i postkassa.
Du kan lese avisa i si heilheit her: hellesyltdagane.no/wp-content/uploads/2026/06/Hellesyltavisa.pdf
God lesing!
