Kristina Farstad Bjørdal.
I september blir Ålesund Folk Festival arrangert med fleire kulturelle opplevingar, mellom anna blir folkemusikk løfta fram.
– Vi er utruleg glade og takksame for tilliten Møre og Romsdal fylkeskommune viser oss gjennom dette vedtaket. Støtta betyr mykje for festivalen og gjer oss betre rusta til å gjennomføre eit godt og innhaldsrikt arrangement i september, både for Ålesund, fylket og dei tilreisande frå heile landet, seier leiar Kristina Farstad Bjørdal.
Festivalen har fått tildelt 250.000.- kroner av Møre og Romsdal fylkeskommune til arrangementet.
Kristina Farstad Bjørdal understrekar at styret vil forvalte midlane med stort ansvar.
– Vi set æra vår i å bruke denne støtta på ein måte som kjem både artistar, publikum, frivillige og lokalsamfunnet til gode. Målet vårt er å skape ein varm, levande og inkluderande festival som gir rom for både tradisjon, nye uttrykk og gode møter mellom menneske, seier Bjørdal.
Aalesund Folk Festival blir arrangert 10.–13. september og byr på folkemusikk, kulturprogram og aktivitetar for ulike aldersgrupper.
Kristina Farstad Bjørdal er leiar i festivalstyret, med Stefan Olsen som nestleiar.