Borgny Molvær, bak Asbjørn Tryggestad t.v. og Askjell Molvær.(Bilde frå Hellesyltdagar)
Søndag 5. juli blir det samling på kulturbedehuset på Hellesylt. Der møter vi Borgny Molvær i samtale med mellom anna Asbjørn Tryggestad.
Stranda mållag og Kulturbedehuset inviterer til ein interessant historisk time søndag 5. juli. Der får forsamlinga møte Borgny Molvær som var fødd på garden Seljeflot i Oaldsbygda i 1929. Som vaksa i 1948 flytta ho til Eikrem på Sula.
Under oppveksten på garden i Oaldsbygda var foreldra Anders og Inga og tre yngre sysken, Arne, Knut og Edna dei næraste. På garden i fjordbygda var det mykje arbeid å ta del i, fortel ho.
Utanom å passe dei tre yngste syskena sine hjelpte ho med fjøsstellet, med husarbeid, arbeid med vask og stell av klede, og ho vart budeie på sætra alt frå ho var tolv år gamal. Det var med andre ord ei ung og aktiv dame som måtte hjelpe til med mykje på garden på Seljeflot.
Når vi søndag 5. juli møter Borgny i samtale med Asbjørn Tryggestad på bedehuset på Hellesylt, der også Askjell Molvær underheld med musikalske innslag, vil ho minnast tilbake til garden og Oaldsbygda, om arbeid og virke og spesielle hendingar frå ungdomsåra der.
Borgny Molvær er spesielt oppteka av kvinnene sitt ansvar og arbeidet dei måtte utføre på fjord -og fjellgadane langs Storfjorden, noko ho vil prate meir om under samlinga.
Du kan få med deg denne interessante samtalen på kuturbedehuset søndag 5. juli frå klokka 14.00.
Billett kostr kr. 250,-, for medlemer i mållaget kr. 200.-
