Sunnylven pensjonistlag legg jonsokfeiringa i år til Tronstad grendahus. Alle er velkomne til triveleg samling med servering og program.
Det blir jonsokfeiring på Tronstad Grendahus tysdag 23 juni klokka 14.00. Det skriv Sunnylven pensjonistlag i melding som er sendt ut til medlemane. Samlinga er opa for alle, også ikkje-medlemer er velkomne står å lese i meldinga.
Det er inga påmelding til arrangementet.
På Tronstad grendahus blir det sal av rjomegraut, spekemat, kaffi og sjokolade. Pris pr. person er kroner 100.-
Pensjonistlaget byd også på litt program denne dagen. Inghild Storstein les ord for dagen, Knut og Bjarne underheld med song og musikk, og det blir åresal.
Arrangementet som er ope for alle er det siste dette halvåret, skriv pensjonistlaget. Dei ønskjer alle ein god sommar og håper på nye, kjekke treff til hausten.
Tronstad grendahus.
