Alle bakevarer har lokale namn.
Kjellrun Bortne er blitt kjent som dyktig bakar på Hellesylt. Stadig vekk opnar ho opp utsal av ferske og fristande varer, og salet går unna.
Kjellrun Bortne jobbar til dagleg på sjukestova på Stranda, men den siste tida har ho blitt ein blid og populær person på Hellesylt. Nokre gonger i året baka og sel ho gode, ferske bakevarer av skulebollar og meir til fastbuande og turistar. Ho har starta ein fritidshobby som har blitt svært så populær og som mange gler seg over.
Kjellrun er frå Selje i Nordfjord, jobbar på Stranda, men har bustad på Hellesylt saman med sambuar.
På Hellesylt har ho starta opp hobbyen sin med baking av fleire sortar produkt i topp, topp klasse når det gjeld utsjånad og smak. Det har blitt travle dagar og eit populært innslag i turiststaden Hellesylt der kjente personar har dukka opp for handel, mellom dei Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, får vi oss fortalt.
Kjellrunn Bortne er bakedama med gode varer og som kjem til å få mange kundar når ho opnar salsdisken under Sommardagane.
På telefon fortel ho at laurdag 4. juli blir det fleire sortar bakevarer å få kjøpt på Sunnylven kyrkjelydshus. Salsdisken opnar klokka 12.00 og då byd ho på mellom anna kanelsnurrar med to forskjellege toppingar, og to typer cookies.
Og denne gongen får produkta lokale stadnamn, eit litt artig preg på det heile, seier ho.
Kjellrun kjem til å bake opp mot 200 cookies, og ca. 300 kanelbollar, alt blir seld berre mot betaling med VIPPS.
-Eg sel så langt lageret rekk, og eg gler meg masse og håper at veret blir bra og at det kjem masse folk, seier Kjellrun Bortne.
Kjellrun Bortne ønskjer vel møtt til handel av gode bakevarer på Sunnylven kyrkjelydshus.