16. august 2026

Flott skuleavslutning

Tredje og fjerde klasse var aktive i programmet og leverte mellom anna flotte musikalske tonar.

Sunnylven skule har avslutta eit nytt skuleår. Torsdag kveld var det fest, program og vitnemålutdeling til seks elevar i Sunnylven samfunnshus.

Under vitnemålutdeling til seks elevar var rektor Torje Bjørneset raus med gode ord i lag med lærar Magnar Tufte Tyssen. Han takka dei selevar for åra ved Sunnylven skule og ønska dei lukke til vidare i livet.
Som rektor hadde han blitt kjent med alle, med Mathias, Tora, Elias, Julie, Christine og June. Det hadde vore flotte år og skuledagar, og det var hyggelege ungdomar, sa han som no hadde fullført ti år ved Sunnylven skule.
No fekk dei sine avgangsbevis utdelt til stor applaus frå ein nær fullsett sal.
-Det er med vemod skulen tek farvel med denne flotte og hyggelege gjengen. Gjennom ti år har læraren bestemt det meste, no får De bestemme sjølve. Dokke har jobba hardt, for ingen ting kjem gratis. Eg er stolt av det de har gjort, sa rektor mellom anna, og oppmoda forsamlinga til applaus noko dei fekk.

Desse gjekk ut av Sunnylven skule. Frå venstre Elias, Julie, Mathias, June, Tora, Christine.

Deretter var det avgangselevane sin tur til å mimre tilbake på dei ti åra ved Sunnylven skule. Mykje rart og mykje spanande fekk forsamlinga høyre, om gode og lærerike år frå dei seks.

Men avslutningsfesten ved skulen baud også på mykje anna flott program frå fleire klassesteg. Fyrst ut var dei yngste frå tredje og fjerde klasse.
Det vart pianospel, og vi fekk sketsjen «I Dovregubbens hall» med fleire elevar og musikk til.
Også mange lystige kommentar, dans og musikalske rytmer vart servert av dei unge klassestega.
I ein kommentar etterpå rosa rektor dei unge aktørane.
No gjekk dei i tredje og fjerde klasse så dei hadde mange år på skulen og med mykje god underhaldning igjen.
-Det gleda eg meg til, sa rektor.

Her er elevar i eit innslag med dans og friske rytmer.

Også sjette og sjuande klasse hadde flotte programinnslag med både sang og dans, og ikkje minst songen «Alt for Norge».
I ein pause i programmet fortalde rektor om det elevane hadde gjort, både på skulen og utanfor. Mellom anna hadde dei vore på gardsbesøk, og dei hadde hatt utreise til både Stranda og Stryn.

Det hadde vore eit godt skuleår ved Sunnylven skule i følge rektor Torje Bjørneset.
-Det har vore ei glede å få vere i lag, sa han og minte om at også i år tapte lærarane volleyballkampen mot elevane. Men neste år skal vi vinne, la han til.
Sommaravslutninga ved Sunnylven skule vart avslutta med enkel servering.

Lærar Grete Bjørdal har no slutta ved Sunnylven skule. Ho fekk blomar og stor takk frå Torje Bjørneset for innsatsen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →