Husdyrgjødsel er eit godt vekstmiddel for gode grasavlingar.
For dei fleste bønder er den fyrste grasslåtten i hus. No gjødslar dei på nytt for andre slått.
Det var tidleg grasslått for mange bønder i år. Lite snø og tele gjorde at graset starta spiringa alt i april, spesielt i dei lavareliggande områda. Også mai månad var god sjølv om temperaturen var lav ei tid etter 17. mai. Men det gav ein tett og god grasvekst og utan isbrannskadar som ofte er ei plage på dei flate bøane, så dermed teikna det til å bli ein god fyrsteslått for dei fleste.
Juni kom med fin temperatur og grasveksten kom fort og det vart tidleg slått. Mange gjorde unna det meste nesten ei veke før jonsok, noko som er tidleg i Sunnylven. Og avlinga såg ut til å vere god.
No gjødslar mange bønder for andreslåtten, eller ho-slått som mange kallar det. I gjødselkjellarar har bøndene næringsrik, flytande gjødsel som blir spreia ut over på bøane. Seinare blir det nok også ei ny gjødsling med kunstgjødsel for å få god vekst og nye store avlingar vinterfor til husdyra.