18. juli 2026

God slåttedugnad i regnver

Dugnadsjengen jobba godt, også to unge karar fremst på bildet, Kristian Aaland Furset t. v. og Aksel Sæther-Hole, sjølv om det regna mykje.

Ikkje det beste veret laurdag, men slåttedugnad vart det likevel på uteområdet ved Sunnylvsbygda grendahus.

Det var tid for grasslått ved Sunnylvsbygda grendahus. Veret var ikkje det beste, men dugnad var tillyst og arbeidsfolket kom. Kanskje ikkje så mange som leiinga i grendalaget håpa på, men arbeidet gjekk unna og vart fullført i stort sett pøsande regn heile dagen.

Mellom dugnadsfolket var fleire bønder som hadde med motorisert slåtteutstyr, så no er heile uteområdet ferdig rydda og raka.
Uteområdet ved Sunnylvsbygda grendahus er stort og med ein bratt bakke opp mot grendahuset så dugnadsfolket, eit lite antall denne gongen, jobba godt og effektivt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →