Kunst -og kultursenteret Hægstad Gård på Hellesylt er dagleg ope i sommar. (Foto frå arkivet)
Kunst -og kultursenteret Hægstad Gård på Hellesylt har opna for sesongen 2026.Onsdag 10. juni kunne alle besøke kunstsenteret for få servert kaffi, kaker og softis.
I fleire sesongar har kunstsenteret Hægstad Gård vore stengt for innsteg av fastbuande og turistar.
No er dørene igjen opna for både servering av små, enkle rettar, og for innsyn i den kjente kunstutstillinga med motiv frå Peer Gynt, skore i tre av kunstnaren Oddvin Parr.
I ei melding til hellesylt.info skriv kommersiell leiar Linn Runa Schnell Kvalvåg i ferjeselskapet Vestlandske at Hægstad Gård vart opna i veke 24.
I meldinga står at selskapet i utgangspunktet var ute etter eit kjøkken for å lage mat og sikre levering til ferjene som snart skal gå på fjorden mellom Hellesylt og Geiranger, men då Hægstad Gård stod ope utan drift valde selskapet å opne dørene og drifte både cafe og kunstgalleriet.
-Flakkgruppen som eig Hægstad Gård har vore veldig behjelpeleg med avtale, noko som har gjort drift mogleg, skriv Kvalvåg.
Det heile har skjedd veldig raskt, så alle detaljer er ikkje på plass enno. Men selskapet opner dørene og sel både kaffi og bygdas beste softis, skriv ho og legg til;
-Meir kjem på menyen etter kvart, og vi håper også at kommunestyret i Stranda innvilgar skjenkeløyve i slutten av juni-.
Vestlandske, det nye leigeselskapet har i fyrste omgang avtale med Flakkgruppen ut august. Drivarane av kunstsenteret på Hellesylt har ope sju dagar i veka mellom klokka 10.00 – 19.00.