20. juli 2026

Imponerande kulturskulekonsert

Kulturskulekonserten på Hellesylt fredag kveld vart ei stor og minnerik oppleving. Her fekk eit nær fullsett samfunnshus høyre det beste frå unge elevar.

Aldri har vi gått heim etter ein så flott kulturskulekonsert nokon gong. Frå scena i Sunnylven samfunnshus stod elevar frå skulen i bygda og formiddla song og musikk som om det skulle vere profesjonelle aktørar.
Vi var og er framleis storleg imponert over nivået som lærarar i kulturskulen har fått fram hos unge elevar og måten dei formiddlar det på framfor ein nær fullsett sal.
Til Sunnylven samfunnshus kom nær hundre frammøtte fredag kveld.

Sunnylven skulekorps.

Det var Sunnylven skulekorps som opna konserten. Korpset som stilte med ti -tolv musikarar var som vanleg ei glede å høyre spele, stødig, vakkert og med dirigent Trond Otto Berg på tuba på nokre av melodiane.

Gledeleg var det også å høyre nye og framtidige korpsaspirantar. Her fekk vi prov på at det gror godt av framtidige musikarar til skulekorpset.
Etterpå var det songinnslag, og musikk enkeltvis av mange elevar, dei aller fleste på piano.

Fem unge musikarar , snart klare for korpsrekkene til Sunnylven skulekorps.
Siril Kjellstadli imponerte storleg med vakker song under konserten.

 

Sjølvsagt kan vi ikkje garantere noko, men frå nokre av elevane vil det heilt sikkert dukke opp utøvarar som med sine ferdigheiter vil nå langt i song og musikk.
Vi fekk høyre Siril Kjellstadli i ein song som med si vakre og stødige songrøyst imponerte stort.
Kanskje var dette høgdepunktet under skulekonserten, i alle høve fekk Siril lang og kraftfull applaus frå dei frammøtte.
Også Linus Frøysa imponerte storleg med to innslag og fingerferdigheiter på piano.
Det same gjorde Ingeborg F. Stadheim i to korte innslag på same instrument, og av innslag frå dei yngste vart «Sjørøvervisa» eit livat og morosamt innslag av to frå dei lavaste klassestega.

«Sjørøvarvisa» vart eit flott og morosamt innslag i kulturskulekonserten. Til venstre lærar Erik Torset.

Det var rett og slett ein konsert for minneboka med utruleg mange gode musikalske innslag. Nokre av dei har vi nemt, og enno fleire skulle vore med i vår oppsummering, det hadde dei fortent.
Truleg var dette den beste og mest besøkte kulturskulekonserten som har vore i Sunnylven samfunnshus nokon gong, og det fortel ikkje lite.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →