Songar Kim Wigaard blir å høyre i Sunnylven kyrkje fredag 3. juli.
Songar Kim Wigaard kjem til Hellesylt og konsert i Sunnylven kyrkje fredag 3. juli.
På nytt blir det storfint besøk til kyrkjekonserten under Hellesyltdagane. Då kjem songar og artist Kim Wigaard på besøk i lag med fleire musikarar.
Publikum er mest kjent med Wigaard gjennom Tv-ruta og NRK-programmet «Demenskoret».
Programleiaren kjem frå Oslo og har utdanning innan opera -og musikalske songar.
I tillegg til programjobben på Tv har Wigaard vore solist på fleire scener i inn og utland, mellom anna i eit utseld Oslo konserthus.
I 2025 deltok han i songkonkurransen «Stjernekamp» og vann, det same gjorde han i «Maskorama» i 2024, og han har delteke i både Melodi Grand Prix, The Voice, Idol og Beat for Beat.
Med si vakre stemme og store register av songar blir det garantert ein flott time i Sunnylven kyrkje.
Billettar er i sal på Tikkio, på butikkane på Hellesylt, og i døra under konserten fredag 3. juli før klokka 20.00.