20. juli 2026

Laurdag 4. juli går Hellesyltløpet

 

Laurdag 4. juli klokka 15.00 smell startskotet for Hellesyltløpet på Sunnylven IL sin idrettsarena, eit løp som blir arrangert for 39 gong i år.

Under alle arrangement av sommardagar på Hellesylt har Hellesyltløpet blitt eitt av dei faste innslaga. I år går terrengløpet med start og innkomst på Hellesylt stadion for 39. gong. Berre under åra med korona var  det opphald, men både før og etterpå har friidrett/trimgruppa arrangert løpet.

Hellesyltløpet har utvikla seg til å bli ei massemønstring av løpeglade born opp til 16 år, og fleire menn og kvinner har stilt på i dei eldre klassene. Rekorden deltakarar var i fjor i 2025 med 130 unge og eldre på start.

For dei yngste klassene er løpet ca. 1600 meter og går frå stadion mot Hellesylt sentrum. Ved Formvac snur løparane tilbake etter den gamle bygdevegen og ein runde rundt på Hellesylt stadion før målgang.

For damer og herrer over 16 år er fyrste del av løpet i same trase, men ved stadion held løparane fram etter bygdevegen og 60 høgdemeter til garden Stadheim. Der snur løpet etter ei strekning på ein driftsveg oppe på flata, og føl så bygdevegen til Åsebrua.
Der går løypa over og held fram etter grasmark til Korsbrekke før den så går over Korsbrekke bru og tilbake til ein liten runde rundt Hellesylt stadion og målgang. Denne løypa er 6.6 km.

Hellesyltløpet har blitt arrangert frå midt på 80-talet og fram til i dag. Mange gode løparar har delteke, mellom dei Odd Arild Dale som har fleire sigrar.
Men også Kristian Nedregård har mange løp og sigrar i løpet og ei bestetid på 21.47.
Den stod i fleire år som løyperekord, heilt til Sunnylven IL fekk besøk av fleire løparar frå Lyn ski. Då vart løyperekorden for menn senka, fyrst til 21.16 av Anders Mølmen Høst, til 21.15 av Henrik Bakke, før Joar Andreas Thele gjorde eit kjempeløp i 2016 på 20.36 som er løyperekord.
Under same løp sprang Simen Hægstad Krüger på 20.52 som er det nest raskaste nokon gong.

Også i dameklassa har det gått fort. Hilde Lauvhaug sprang til 25.02 og løpsrekord kvinner i 2012. Den forbedra Kjersti Fresvik frå Gular med nesten eitt minutt fire år seinare til 24.12. Rekordløpet var i 2016 og står den dag i dag.

På det 1600 meter lange løpet for gutar og jenter er vi litt usikre på rekordane, men vi trur 5.02 av Magnus Seljeset frå Hornindal, og 5.38 av Sara Sæther, Sunnylven er dei beste tidene.

I år går Hellesyltløpet laurdag 4. juli klokka 15.00 med påmelding ved start mellom kl. 13.00 – 14.00.
-Som tidlegare går løpa i den gamle traseane, fortel nyvald leiar i Sunnylven IL, friidrett/trim Oli-Anne Sjåstad. Løypa for senior er 6.6 km.
Det er påmelding før start og seinast ein time før løpet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →