20. juli 2026

Minnerik kveld i kyrkja

Samla etter ein flott konsert; Frå venstre Oddbjørg Solhaug, Per-Olav Frøysa Hånes, Lars Karbø, Gunnar Inge Eide, Kristin Storstein, Oddbjørg Stadheim.

Det vart ein ny, minnerik kveldstime i Sunnylven kyrkje torsdag. I samlinga «Pusterom» fekk dei mange frammøtte høyre vakre songar av ColdPlay.

-Det finst vakre dagar der alt er håplaust, sa Ann Kristin Langeland då ho ønska godt 50 velkomne til Sunnylven kyrkje torsdag kveld.
Ho ønska vel møtt til alle og til aktørane som skulle bidra med song og musikk denne fine sommarkvelden.

Etter kvart kom dei, gode song -og musikkrefter fram for å presentere vakre tonar av artisten Cold Play. Med Gunnar Inge Eide på orgel, Lars Karbø piano, Per-Olav Frøysa Hånes på bassgitar, og dei tre «songfuglane» Oddbjørg Solhaug, Oddbjørg Stadheim og Kristin Storstein vart timen i Sunnylven kyrkje ei minnerik og kjær oppleving.

Aktørar under konserten i kyrkja torsdag; Frå venstre Per-Olav Frøysa Hånes, Lars Karbø, Oddbjørg Solhaug, Oddbjørg Stadheim, Kristin Storstein.

Frå før veit vi at kyrkja er eit godt konsertlokale, og torsdag kveld fekk vi nye prov for det.
Med gode tekstar song dei tre så stemningsfullt og vakkert, og med dyktige utøvarar på instrument vart det både ei stor og herleg innleving.
Det var nesten så det skalv i det trauste inventaret i kyrkja frå 1859 når musikarane trøkka til. Ei stor oppleving som alle aktørar må få stor takk for nok ein gong, ein time fleire burde få med seg.

Ann Kristin Langeland leia samlinga i kyrkja torsdag. Der bad ho også for kronprinsessa som er sjuk.

Sjølv om det vart ei gla`stund for dei mange ein sommarkveld, er ikkje alt like bra for andre i Norge. Den norske kronprinsessa er sjuk og må ha legehjelp for å leve vidare.
På oppfordring frå biskopen bad prest Langeland for kronprinsesse Mette Marit, og om at sjukdomen ho er ramma av måtte lækjast.

Kvelden i Sunnylven kyrkje vart avslutta med salmen «Lei milde ljos».

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →