Helsetkopen i Sunnylvsbygda, 1246 meter høg.
Alt går etter planen når det gjeld World Base Race, konkurransen i fjellflyging frå Helsetkopen laurdag 4. juli, det stadfestar arrangøren.
Vermeldinga er ikkje den beste, det skal regne mykje i Sunnylven komande laurdag når Hellesyltdagane blir arrangert. Truleg blir det våtsamt under fleire arrangement denne dagen, som under World Base Race frå Helsetkopen.
Laurdag 4. juli er det planlagt finale i fjellflyging frå det 1246 meter høge fjellet med landing på flata ved Helsetvatnet. Og arrangementet går som planlagt, det bekreftar Ivar Brennhovd hos arrangøren.
I dagane før finalen blir det kvalifisering i Loen for finalen i Helsetkopen for ca. 40 fjellflygarar, mange av dei frå utlandet. I Loen har dei hatt «base» i fleire dagar alt, og frå onsdag 1. juli startar alle på kvalifiseringsrundar frå Hoven. Her skal det hoppast kvalifisering for finalen i Helsetkopen.
På laurdag 4. juli blir det så finale frå det «stolte» fjellet på Helset i Sunnylven. Brennhovd nemner at det blir åtte hopparar som skal kjempe om fyrsteplassen, beste tid frå start på Helsetkopen til hopparen kryssar over ei line på flata ved Helsetvatnet. Ein spanande konkurranse både for publikum og hopparar med start rundt klokka 12.00.
Då er det berre å håpe at veret ikkje skaper store vanskar. Det er ikkje meldt vind i området, noko som kan føre til avlysing. Men om det kjem mykje regn så går det bra, -det er berre å kle seg rett-, seier Ivar Brennhovd.
I vingedrakt ut frå Helsetkopen
