20. juli 2026

Planlegging for sommarfest i gong

Det store festivalteltet er på plass ved Hægstad Gård. Her tre av arbeidarane for reisinga, frå venstre Pål Andre Lødøen Helset, Sondre Støverstein og Per Stian Alme.

Det er ei lita veke igjen til den store sommarfesten, Hellesyltdagane er i gong. Mykje er alt på plass i fjordbygda innerst i Storfjorden.

På Hellesylt, treffstaden for tusenvis av sommargjestar under Hellesyltdagane er mykje arbeid i gong. Det aller fyrste teikn på at den store helga nærmar seg er festivalteltet som er kome opp. På to korte arbeidsdagar har ein gjeng nevenyttige karar sett opp det store festivalteltet på parkeringsplassen ved Hægstad Gård. Teltet er på 15 meter breitt og 35 meter langt så her er det plass til mange.

-Vi trur her går inn 6-700 personar i tillegg til ei stor scene og ei bar-avdeling, seier Sondre Støverstein, ein av dei 6 – 7 i dugnadsjengen.
Han fortel at det har gått greitt å reise det store teltet som er kjøpt inn av tre festivalarrangørar, Sykkylvsdagane, Brøvollfestivalen i Velledalen, og av Hellesyltdagane. Festivalteltet kan byggast enno lenger, rundt 45 meter og kosta ca. 900.000.- kroner.

Festivalteltet for Hellesyltdagane er på plass.

Hellesyltdagane opnar torsdag 2. juli med Bootcamp på badestranda på Hellesylt.
Dagen etter er det konsert i Sunnylven kyrkje med Kim Wigaard, og litt seinare på kveld er det disko i festivalteltet med DJ Mounir.
Så på laurdag opnar dagane på utescena der det blir masse program, Gatevandring, Hellesyltløpet går, og det blir helikopterflyging.
Søndag  er det meir program frå utescena, sal av gode rettar, både hjortegryte og grilling, hesteriding, treff på Kulturbedehuset, før finalen Andesleppet i Hellesyltfossen.
Dette er berre litt frå det fyldige programmet som er presentert i eiga messeavis

Messeavisa er sendt ut i 23.000 eksemplar og arrangøren av Hellesyltdagane 2026 ønskjer alle velkomen til Sommarfesten på Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →