9. juni 2026

Samling i Sunnylven kyrkje torsdag kveld

Torsdag 4. juni er du invitert til nok eit Pusterom kl. 20.00 i Sunnylven kyrkje. Les meir av det vi har fått tilsendt om arrangementet.

-Eit stjernelag av musikalske krefter tek del denne kvelden, det blir song ved Oddbjørg Solhaug, Oddbjørg Stadheim og Kristin Storstein. I tillegg har vi med Lars Karbø på piano, Per Olav Hånes på bass og Gunnar Inge Eide på orgel. Ann Kristin Langeland er liturg og skal leie samlinga.

Denne gong har vi satt:  «Lys som finn deg» som tema, og det vert songar av Coldplay.  Songar om å vere sliten, om å miste – og om lyset som likevel finst.

I kyrkjerommet legg vi til rette for ei stund der du kan tenne lys og lytte til musikk som rører ved hjartet.

Dette er ei lavterskel gudsteneste der du er velkomen slik du er. Kanskje kan du få kjenne at du ikkje er åleine. Kanskje kan eit lite lys finne deg-.

Slik står å lese i meldinga til hellesylt.info frå Ann Kristin Langeland.

.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →