Hellesyltdagane nærmar seg med stormskritt. Frå fredag 3. til 5. juli blir årets store sommarfest 2026 arrangert på Hellesylt. Snart kjem ei stor messeavis i postkassa.
I alle år, heilt frå 1997 har Hellesylt Næringslag gjeve ut eiga messeavis i høve Sommardagar på Hellesylt, no kalla Hellesyltdagane. Her har publikum fått lese om det meste av det som skjer under dei folkekjære og godt besøkte dagane på Hellesylt innerst i Storfjorden.
Også i år kjem arrangøren ut med eiga messeavis, ei avis utgjeve i opplag på 23.000 og full av informasjon om det som skjer under dagane.
Og det er ikkje lite. Bladar vi fram til siste side finn vi eit program som består av sal, underhaldning, opplevingar, konkurransar, gode matopplevingar, eller berre gatevandring.
Det startar så smått alt torsdag kveld med Bootcamp på badestranda, men så byggjer det seg opp ut over fredag kveld og på laurdag, og blir som vanleg dei siste ti, femten åra avslutta med Det store andesleppet i Hellesyltfossen søndag klokka 16.15.
Ta turen til Hellesylt, om to veker skjer det mykje denne helga og det er berre å glede seg.
Hellesyltdagane er i rute med mykje godt program, og det er alltid godt ver under dei folkerike sommardagane på Hellesylt, så arrangøren håper å sjå deg, at du kjem også i år.
