Det var godt frammøte på Suppeonsdag, den siste samlinga før nye til hausten.
I februar 2025 starta det opp eit nytt tilbod for heimebuande eldre i kjellaren på Sunnylven Omsorgssenter. Tiltaket er eit samarbeid mellom Sunnylven Bygdekvinnelag, Sunnylven Pensjonistlag, Sunnylven Sanitetslag og Stranda Frivilligsentral.
Tekst: Ragnhild Stadheim,
Foto: Astrid Langeland
Samlingane har blitt gjennomført andre onsdagen i månaden frå kl. 11-13. Organisasjonane har bytta på å ta ansvar for å lage til enkel servering og ha litt underhaldning. Underhaldninga har vore både musikk, diktlesing, bingo, quiz, historieforteljing og bildeframvisning.
Dei besøkande er svært begeistra for å delta og det har såleis blitt ein fin sosial møteplass for mange av dei. Dei ser difor fram til desse treffa der dei får møte andre og vere sosiale. Frivillige hentar og bringer eldre som ikkje køyrer bil til samlingane. Det har vore mellom 10-20 deltakarar på kvar samling.
Tre som også kosa seg på Suppeonsdag, frå v, Oddbjørg Tryggestad, Solveig Helset og Lilly-Karin Ljøen.
Tiltaket har fortsatt i 2026, og og blei i starten av året omdøypt til Suppeonsdag. Serveringa har naturleg nok då vore ei suppe laga av dei frivillige.
Onsdag 11. juni blei det invitert til sommaravslutning for Suppeonsdagen, men utan suppe. Det var eigentleg planlagt grilling på menyen og sosial samling i paviljongen, men med litt godt sunnmørsk regnver blei det servert pølser med brød inne i kjellaren i staden for.
Knut Hanssen hadde med gitaren og song fleire viser.
Til stor begeistring for dei frammøtte underheldt Knut Hanssen på gitaren med mange fengande melodiar. Han spela både gode gamle slagere og eigenkomponerte låtar.
Samlingane skal fortsette etter sommarferien og arrangøren melder at der er plass til fleire på Suppeonsdagane til hausten. Vel møtt!