20. juli 2026

Stor jonsokfest i pensjonistlaget

Musikarane frå venstre Bjarne Sjåstad, Knut Hanssen og Oddvar Gausdal underheldt på pensjonistlaget sin fest i Tronstad grendahus.

Jonsokveret var dårleg, men festen vart av det beste slaget då Sunnylven pensjonistlag inviterte til treff på Tronstad grendahus.

Temperaturen var ikkje så galen, men det regna mykje på jonsokaftan i Sunnylven tysdag. Difor hadde Sunnylven pensjonistlag leigd seg inn i Tronstad grendahus for å feire midtsommardagen, til trivelege timar med song og musikk, god servering og loddsal.

Leiar Astrid Langeland ønska vel møtt til 60 pensjonistar som kom både frå Sunnylven og frå Stranda. Ho hadde lite positivt å seie om veret, men programmet for timane i grendahuset var meir å snakke om. Ho var imponert over det gode frammøtet og håpa at kjøkkenet hadde nok rjomegraut å by på, noko dei hadde.

Under samlinga i grendahuset hadde pensjonistlaget sikra seg gode krefter til underhaldning. Inghild Storstein er ofte å høyre på slike tilstellingar, og også denne dagen hadde ho ei fin forteljing ho bar fram.
Og tre musikarar, Bjarne Sjåstad, Oddvar Gausdal og solist Knut Hanssen liva opp samlinga med fleire flotte songar. Namn på gruppa hadde dei ikkje, noko dei bør få, men dei serverte flotte songar og flott musikk på sine instrument, keyboard, trekspel og gitar alle tre.
Det vart to trivelege økter med både poplåtar og andre songar som publikum fekk høyre på i to økter.

God var også jonsokgrauten som vart servert med sukker og kanel, rosiner og flytande feitt på. Og alle fekk det dei ville ha sjølv om besøket til jonsoktreffet var større enn forventa.
Det vart tre trivelege timar i Tronstad grendahus som vart avslutta med trekking av mange gevinstar på tombola.
Leiar i pensjonistlaget, Astrid Langeland takka alle for frammøtet til samlinga, ho ønska alle god sommar og håpa å sjå alle til hausten igjen.

Festen på Tronstad grendahus vart avslutta med trekning av tombolagevinstar. Til høgre Mia Sjåstad og leiar Astrid Langeland.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →