Storfjordens Venner helst sitt sommarstemne i Norddal søndag 14. juni. hellesylt.info var ikkje til stades, men har fått tilsendt eit stemningsbilde av leiar i Storfjordens Venner, Inge Bjørdal.
Alle foto: Vivian Nydal.
-Vanlegvis held vi stemna på stader der Storfjordens Venner har utført eit tiltak av eitt eller anna slag. I år gjorde vi eit unntak fordi vi har fått med oss Foreininga Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden på laget. Dei utgjer no ei arbeidsgruppe saman med dei andre gruppene (Historie- og formidlingsgruppa, Prosjektgruppa og Dugnadsgruppa). Dei vil ta seg av og vidareføre oppgåver og prosjekt knytte til sjøarealet i området vårt. Storfjordens Venner vil dermed dekkje både land- og fjordarealet i området vårt som er definert slik: Geografisk område for Storfjordens Venner sitt arbeid er langs og på Storfjorden med sidearmar innanfor Magerholm – Ørsneset.
Program
Dei 250 – 300 frammøtte fekk høyre eit program under stemnet som var ei blanding av langvegsfarande og kortreiste ressursar.
Kontorsjef Ola Relling representerte avisa Dag og Tid i Oslo og har tidlegare vore redaktør i lokalavisa Storfjordnytt i Valldal. Relling-namnet har han eit nært forhold til! Han er nemleg oppvaksen på Relling. Han tok for seg historia til Norddals-bygda som var meir mangslungen enn det dei aller fleste var klar over.
Ola Arvid Lied, tidlegare lærar ved Stranda vgs. heldt eit temaforedrag om korleis folket på fjord- og fjellgardane kom seg til kyrkje.
Foreininga for Sjøfart og sjøbruk orienterte om Notanaustet og om arbeidet sitt med båtane der. Nokre av dei var sjøsette.
I tillegg fekk vi eit innlegg der to kjentmenn frå bygda – Stein Ivar Krohn og Bjørn Relling orienterte om bygda Norddal i dag.
Musikk og songinnslag
Valldal Spelemannslag og Celien de Pelecjin og Gunnar Inge Eide, stod for dei musikalske innslaga.
Sjøfart og Sjøbruk hadde stelt til ein konkurranse Storblåsar 2026. Oddbjørn K. Dalen stod for dette. Vinnar vart Kaptein Lars Roar Storås som kasta blåsa 24,18 m!
Etter stemnet fekk stemnedeltakarane høve til å besøkje mange interessante stader i bygda, sjå kart her:
Medlemsverving
-Til stemnet har vi fått laga ein flott, emaljert turkopp «MEDLEMSKOPPEN» med logoen til Storfjordens Venner. Den er reservert for dei som er eller vil bli medlemmer av StVe, og vart selt til ein svært god pris. Dei som vera seg på stemnedagen fekk han gratis.
Storfjordens Venner introduserte også ein ny medlemskategori for ungdommar inntil 26 år. Dei kan no bli medlemmer for halvparten av eit ordinært vaksen-medlemsskap.
Fleire og fleire ungdommar finn det meiningsfullt å delta i arbeidet og aktivitetane StVe driv, m.a. på dugnader på Ytste Skotet.
Det vart verva mange nye medlemmer under stemnet.
Besøk av MS Heland (https://norsk-fartoyvern.no/fartoy/heland/)
-Båten MS Heland låg ved kaia og folk fekk gå om bord for orientering av mannskapet. Båten har vore nytta til mange føremål. I november 1941 stakk «Heland» etter oppdrag fra Milorg på Vigra med agentar og flyktningar over til Shetland. Fartøyet gjorde seinare fleire turer mellom Shetland og Norge for Shetlandsgjengen, men vart i 1943 stasjonert som reservebåt i Scalloway.
