Fjordbygda Norddal blir stemnestad for Storfjordstemnet 2026 søndag 14. juni. Eit fyldig program er sett opp for stemnet også denne gongen.
Bygda Norddal er møteplass for historie, kultur og folk langs Storfjorden. Her blir det Storfjordstemne søndag 14. juni frå klokka 12.00 og ut over dagen.
På stemnet blir det kulturelt program med historiske innslag, musikk og forteljingar, og i tillegg tid til mat og sosialt samvær.
Her blir det også markert det arbeidet foreninga Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden legg ned. Foreninga vart ein del av Storfjordens Venner i 2025 i form av ei eiga arbeidsgruppe som vidarefører tidlegare målsetjingar om kunnskap og historisk materiale om ferdselsåra, kontaktskaping, matfat , attraksjonar og transport etter fjordane.
Programmet for Storfjordens Venner 2026 kan ein sjå her;
12.00; Helsing frå Fjord kommune v/ ordførar Terese J. Moen
12.05; Velkomen til Storfjordstemne v/ styreleiar Inge Bjørdal
12.15; Valldal spelemannslag
12.30; Historisk tilbakeblikk v/ Ola Relling
13.00; Celien de Pelecjin og Gunnar Inge Eide
13.15; Bygda Norddal v/ Stein Ivar Krohn og Bjørn Relling
13.30; Mat og mingling, -Storfjordens Venner
14.00; Konkurranse -kåring av «Storblåsar 2026», -kasting av fortøyningsblåser-, Oddbjørn K. Dalen
14.30; Premieutdeling og avslutning av Storfjordstemne 2026.
Lotteri:
Storfjordens Venner har fått inn flotte gevinstar frå lokale bedrifter. Alle vinstane blir trekte frå loddbøker. Det blir loddsal på stemnet som blir avslutta ein time før slutt.
