Bøndene er godt i gong med fyrste grasslåtten for i år. Så langt har veret vore godt og avlingane er gode.
Det vart tidleg slått i år og avlinga ser ut til å verte god etter ein lang og fin siste del av mai. Sjølv om temperaturen har variert litt har grasveksten stått seg og kom godt då temperaturen steig fyrst i juni. Det teiknar til å bli gode avlingar med tett og god vekst utan isbrannskadar, ei plage mange bønder kan få skadar av på dei flate bøane.
Jørgen Helset haustar grasveksten på to måtar, både som silofor i ein stor tårnsilo, men det aller meste av vinterforet blir pakka i rundbalgar.
No var forhaustaren og to avlessarvogner blitt parkert, så då blir resten av 450 dekar grasslått pakka i balgar.
Det går unna og haustinga går godt når utstyret verkar. Og det blir lange dagar for akkurat no var også veret svært lagleg med sol.
-Då må vi nytte tida, også på ein søndag til å få avlinga «i hus». For med godt ver blir det også godt vinterfor til hysdyra, seier Jørgen.
I fjøset på Helset driv han og kona Lisbeth lausdrift med 50 mjølkekyr, mange ungdyr og 40 sauer. Det skal ein del grasfor til å mate ein slik flokk gjennom vinteren. Men med ein full tårnsilo og med fleire hundre forbalgar får alle den maten dei vil ha, seier han.
Og når fyrsteslåtten er unnagjort blir det gjødsla på nytt og ei ny god hå-avling blir hausta kring juli/august, seier storbonden før han «fyrer» opp traktor og slåtteutstyr og køyrer vidare.
