Fleire unge i regnklede beundra eit lite bål på badestranda på Hellesylt.
Jonsokaftan vart ein våt dag i Sunnylven. Regnet ausa ned heile tida, men temperaturen var brukbar.
Foto: Ellinor Fivelstad
Det har skjedd før at regn har øydelagt feiringa utandørs på jonsokaftan. Slik vart det i alle høve for dei fleste denne gongen, men nokre trossa veret og greidde også å få fyr på jonsokbålet.
Vi har fortalt om Sunnylven pensjonistlag som hadde trivelege timar innandørs på Tronstad grendahus. Der vart det ei flott feiring av jonsokaftan med både program og servering av rjomegraut
Litt seinare på kvelden kom det eit bilde frå badestranda på Hellesylt, frå den andre midtsommarmarkeringa vi veit om. Etter påkledning såg det ut til å vere litt våtsamt også der, men det brann i eit lite bål og dei frammøtte såg ut til å kosa seg. Det var midtsommarkveld på badestranda sjølv om det minte litt om ein haustdag, men dei frammøtte hadde det fint.
Det er berre å håpe at dei fine, gode dagane med varme sommarkveldar kjem tilbake, at vi har mykje av sommaren igjen framleis.