16. august 2026

Vegar blir asfaltert

Vegen til Hellebostad kan få fast dekke i løpet av året.

Grusvegen til Hellebostad og to andre vegar i Stranda kommune kan få fast dekke i 2026.

Om saka gå igjennom på møte i miljø -og kommunalteknikk 15. juni vil Stranda kommune bruke rundt 3.5 mill. kroner på asfaltering av bygdevegar i kommunen.
Investeringane kjem på Myklebustvegen på Stranda, og på to i Sunnylven, Hellebostadvegen og Nibbedalsvegen ved Fivelstad.

Myklebustvegen er 1300 meter lang og asfalteringa vil koste knappe 1.7 mill. kroner.
På den 870 meter lange vegen til Hellebostad er kostnaden berekna til vel 1.1 mill. kroner, og på vegen ved Fivelstad vil strekninga på 450 meter koste omlag 660.000.- kroner.
Også andre kortare og mindre kostnadskrevjande vegstrekningar er ført opp og kan få fast dekke i 2026.

Også vegen til Røyrhus vil bli prioritert for fast dekke dei komande åra. Vegen blir brukt av skulebuss og trafikkselskapet er ikkje nøgd med vegstandarden.
Administrasjonen ser det som ein fordel at vasskraftutbygginga i Røyrhusdalen er ferdig før nytt dekke blir lagt på vegen.
Asfaltering av 2.3 km. veg til Røyrhus vil koste 3.8 mill. kroner.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →