Vinnarar i Andesleppet. Sofie Sæther Hole tok mot premiar for Isabell Sæther (3) og Sara Sæther (4), vidare Axel H. Aasen (2) i arma til mamma, og Mia Sjåstad med vinnarpremien til Anne Marie Ottesen.
Som siste post på eit fyldig program under Hellesyltdagane var Andesleppet i Hellesyltfossen med premiering. Og endene kom fort denne gongen.
Ein flaumstor Hellesyltfoss vart ein frisk tur for over totusen plastikkender då den store folkefesten på Hellesylt vart avslutta med Det store andesleppet. Alle dei gule fuglane kom fort ned fossen i den store vassføringa, og ti heldige vinnarar av kjøpte andelodd kunne få sine premiar, frå 10.000.- kroner som høgaste premie for vinnaranda, til fleire med itt lavare summar, og til seks med tusen kroner kvar.
Eit populært og vellukka innslag avslutta med det Hellesyltdagane 2026.
Her er vinnarane i Andesleppet:
10.000.-: Anne Marie Ottesen
7.000.-: Axel H. Aasen
5.000.-: Isabell W. Sæther
3.000.-: Sara Sæther
1.000.-: Solveg Garli
1.000.-: Anne Lise Hasle
1.000.-: Stella Mathisen
1.000.-: Emma Kristin Tarberg
1.000.-: Henrik Korsbrekke Warelius
1.000.-: Marie Erstad Myrseth
