20. juli 2026

Ausekarane og Harlekin i danseteltet

 

Dansebandet Harlekin!

Laurdag kveld 4. juli blir det stor stemning og dans i festivalteltet på Hellesylt. Der får publikum høyre og danse til to orkester, Ausekarane og Harlekin.

Arrangøren kan nok ikkje love godt ver på laurdag kveld, men stemninga blir garantert topp i festivalteltet ved Hægstad Gård på Hellesylt. Dit kjem to gode danseband, Ausekarane og Harlekin.

Det store festivaltetet under Hellesyltdagane skal romme fleire hundre personar under laurdagsdansen, har vi fått oss fortalt.
Bandet Harlekin kjem frå Malvik i Trøndelag, eit country-rockband som alle har sitt opphav frå bygda og presenterer country på norsk.
I juni 2022 kom dei ut med sitt andre album som har 12 låtar og som dei kalla «Bøgdafest».
Bandet brukar mykje tid på øving og å skrive gode låtar som blir presentert på over 30 spelejobbar året rundt. Desse spelar i Harlekin;
Tore Rønsåsbjørg, Vegard Fossen, Håvard Wenås, Adrian Viken, Edvin Mattieson, og Roy Betten spelar alt frå gitar, tangentar, trommer og bass.

Arrangøren håper på mange frammøtte når dansebandet Ausekarane spelar opp rundt klokka 21.00 laurdag kveld.
Bandet er eit norsk orkester og revygruppe frå 2007. Frå då har dei turnert på danseoppdrag opp og ned langs Vestlandskysten, i tillegg til revyar på kulturhus og festivalar.
Bandet har vore nominert til Spelemannsprisen i klassa danseband:
Laurdag kveld spelar desse opp til dans i festivalteltet;
Tor Endresen, Bjørn Jensen, Jan Arne Knutsen, Svein Tore Hundenes, Raimond Ståløy og Baard Hansen.
Instrumentalt har bandet med gitar, mandolin, keyboard, bass, trommer og sjølvsagt sang.

Det blir garantert liv i festivalteltet når Ausekarane spelar til dans frå klokka 21.00 laurdag kveld.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →