20. juli 2026

Cruiseturistar fylte opp Hellesylt

Iona med fleire tusen passasjerar låg til kai på Hellesylt heile onsdag.

Når cruisebåtar legg til kai på Hellesylt blir sentrum og området kring fylt av cruiseturistar. På onsdag 8. juli låg Iona ved kai heile dagen.

Det blir folksamt i sentrum og spesielt over Hellesylt bro når cruisebåtar ligg ved kai i bygdebyen. At alle vil ha eit foto av Hellesyltfossen under eit besøk er forståeleg. Ikkje alle stader brusar ein stor og litt buldrande foss midt i sentrum av ein tettbebygd buplass.
Onsdag var det som vanleg trangt på brua, for dei aller fleste av turistane som kom i land skulle ha eit bilde av fossen, også i lag med ein slektning eller venn.

Også på Hellesylt stadion var mange, mest av mannskapet på cruisebåten vil vi tru. I kort avstand frå jobbplassen kunne dei leike seg med fotball, eller springe nokre rundar på løpebana denne fine juli-dagen.

Slik er det alltid når cruisebåtar legg til ved Hellesylt cruisekai ein heil dag. Og sjølv om det kan by på trafikkvanskar og senke framkomst på bruer og trange sentrumsgater er det likevel trivlege dagar, og med ekstra inntekter for butikkar og serveringsstader.
Fastbuande toler gjerne meir av dette nokre sommardagar kvart år, vil vi tru.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →