20. juli 2026

Delte ut store gåvebeløp

Frå utdeling av gåvemiddlar frå Sparebanken Møre, frå venstre Tarjei Korsbrekke, Astrid Langeland, Ragnhild Stadheim, og Stig Tryggestad.

På slutten av Hellesyltdagane deler Sparebanken Møre ut store pengegåver til lag og organisasjonar i arrangørbygda også i år. I Sunnylven fekk tre lag velfortent støtte.

Det var på siste time av Hellesyltdagane at ass. banksjef næringsliv, Stig Tryggestad kom på utescena nok ein gong med store gåvesjekkar, denne gongen til tre mottakarar i Sunnylven. Han rosa arrangementet som også dette året var losa vel i hamn på god måte av lag og organisasjonar i bygda.

Tryggestad representerte Sparebanken Møre som kvart år under Hellesyltdagane deler ut store pengegåver til lag og organisasjonar som har gjort ein innsats for bulyst i bygda, eller til dei som har store investeringar på gong for meir trivsel og tryggleik.
Tidlegare hadde Sparebanken Møre støtta fleire små og store tiltak som hadde blitt gjort, både hos Ljøbrekkas Venner, Sunnylven sanitetslag og fleire.

Denne gongen kalla Tryggestad fram leiaren i Sunnylven Idrottslag, Tarjei Korsbrekke for å motta den store gåvesjekken. Idrottslaget hadde eit sterkt behov for ny trakkemaskin i skianlegget sitt i Hyttehola, ei stor investering for eit lite idrettslag.
No kunne leiaren ta mot ein gåvesjekk på 500.000.- kroner til nykjøpet, ei pengegåve som kom godt med i ei investering på det nær tredoble.
Tryggestad og Sparebanken Møre hadde også ei stor gåve til arrangøren av Hellesyltdagane som fekk 100.000.- i støtte til kjøpet av det store festivalteltet.
Og som ikkje det var nok så hadde ass. banksjef også med 25.000.- til Sunnylven pensjonistlag som hadde investert i hjartestartarar til eventuelt nødvendig bruk for alle i bygda.

Tidlegare har Sparebanken Møre gjev tilkott til Gamleskulen aktivitetsmuseum med 10.000.- kroner, Ljøbrekkas Venner har fått 30.000.- kroner, Sommardagar på Hellesylt er blitt tildelt 20.000.- kroner, og Sunnylven sanitetslag har fått 5.000.- kroner, til saman har banken støtte lag og foreningar med til saman 690.000.- kroner i 2026.
I tillegg kjem samarbeidsavtalar med SIL /SSL.

Nok ein gong gode og kjærkomne gåver frå Sparebanken Møre.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →